Upphovsland: Norge
1. Klatring
Avsnitt 1 - Klatring, Säsong 1
Lars skal byrje på klatring. Han har ein skade som gjer det litt vanskelegare for han å klatre, men han har lyst å klare det likevel.
2. Fotball
Avsnitt 2 - Fotball, Säsong 1
Taimaa diggar å spele fotball, og synest det er aller kjekkast å score mål. No skal ho byrje på eit ordentleg fotballag, og snart skal ho spele sin første kamp.
3. Trialsykkel
Avsnitt 3 - Trialsykkel, Säsong 1
Amanda køyrer trialsykkel, og skal vere med på sin første konkurranse. Men konkurransen blir vanskelegare enn ho hadde trudd.
4. Folkedans
Avsnitt 4 - Folkedans, Säsong 1
Matias Olai går på folkedans, og vil bli like flink som søstrene. Snart skal dei danse for eit stort publikum, og Matias Olai er spent på om han hugsar alt.
5. Piano
Avsnitt 5 - Piano, Säsong 1
Eline er veldig glad i musikk, og skal byrje å spele piano. Men så endrar koronaviruset alt, og plutseleg kan ho ikkje møte pianolæraren som vanleg.
6. Riding
Avsnitt 6 - Riding, Säsong 1
Emma synest hestar er søte, men tør ikkje å klappe dei. No har ho begynt på ridetimar, og vil bli trygg på hesten for då kan ho ri heilt åleine.
7. Turn
Avsnitt 7 - Turn, Säsong 1
Erik gler seg til å byrje på turn med dei andre frå skulen. Han har lyst å lære seg å ta salto, men så blir alle treningane avlyst, og Erik må øve på eigehand.
8. Symjing
Avsnitt 8 - Symjing, Säsong 1
Yumna elskar å vere i vatnet, men verken ho eller mor hennar kan symje. Difor har Yumna no begynt på symjekurs.
Hittade du något som inte stämmer?
Ge din feedback