Upphovsland: Norge
1. Avsnitt 1
Avsnitt 1, Säsong 1
Norsk attraksjon tar deg til attraksjonar du garantert ikkje finn i guideboka -ei reise i hyggeleg norsk galskap med Linda Eide som guide og reiseleiar.
2. Avsnitt 2
Avsnitt 2, Säsong 1
Sjå korleis det går når Linda Eide prøver lykka som rodeoryttar! Den vakre telemarkskua er ein av attraksjonane som blir testa av Linda i kveld. Det skal òg handle om eit grafittifjell, ein veg som stoppar midt i berget og ein SV-politikar med fortid som folklore-ikon.
3. Avsnitt 3
Avsnitt 3, Säsong 1
Kjempen Johan Aasen spelte i fleire stumfilmar i Hollywood på 20- og 30-talet. Han vaks heile livet, truleg på grunn av ein feil i veksthormona. Då han døydde skal han ha vore utrulege 279,4 centimeter.
4. Avsnitt 4
Avsnitt 4, Säsong 1
Valledialekten er så vanskeleg både å forstå og å lære seg at den er ein ekte Norsk attraksjon. Linda drikk dessutan verdas dyraste vatn - heilt gratis.
5. Avsnitt 5
Avsnitt 5, Säsong 1
Filmen De dødes tjern har skremt vatnet av fleire generasjonar. Linda Eide drar attende til tjernet saman med Henny Moan, som spelte i filmen.
6. Avsnitt 6
Avsnitt 6, Säsong 1
Er det sant at Tromsø er Nordens Paris? Det vil Linda Eide finne ut. Vi skal også sjå at ein varmluftsballong på ville vegar har gitt Telemark ein Norsk attraksjon. Og på Nesodden finn vi ein ny attraksjon som reddar tusenvis av liv i trafikken!
7. Avsnitt 7
Avsnitt 7, Säsong 1
Karl XII fall under omleiringa av Fredriksten festning i 1718. Men kven skaut svenskekongen? Nokon hevdar at kula ikkje kom frå fienden, men frå eit svensk våpen. I 300 år har svenskane forska på liket og diskutert ulike scenario. Men i ei bygd på Vestlandet meiner dei å ha svaret. På garden Hodn...
8. Avsnitt 8
Avsnitt 8, Säsong 1
Er du vant til å ta ein kopp kaffi på ferja? På Svelviksferja rekk du knapt å opne termosen før du er over på andre sida. Over Svelviksundet, der Drammensfjorden er på sitt smalaste, går Noregs kortaste bilferjetur. Frå Svelvik i Vestfold til Verket i Buskerud er det cirka 180 meter.
Hittade du något som inte stämmer?
Ge din feedback