1. Synge solo
Avsnitt 1 - Synge solo, Säsong 4
Linn likar å synge og danse. No drøymer ho om å synge heilt åleine framfor mange menneske. Linn er fødd utan bein, og synes det er dumt at folk stirrar på ho, men ho har likevel lyst til å klare å synge åleine når koret hennar no skal ha konsert.
2. Bygge olabil
Avsnitt 2 - Bygge olabil, Säsong 4
Vemund hjelper ofte pappa med å mekke på bilen, men no vil han byggje sin eigen Olabil. Klarer han å gjere den fin nok og vil bilen gå så fort at han vinn Olabil-løpet i bygda?
3. Spille fiolin
Avsnitt 3 - Spille fiolin, Säsong 4
Olianna spelar fiolin, og no skal ho spele konsert i lag med ein ho syns er kjempeflink, nemleg Alexander Rybak som vant Melodi Grand prix. Klarar ho å spele rett og får ho helse på Alexander?
4. Skihopp
Avsnitt 4 - Skihopp, Säsong 4
Oda Bertine hoppar på ski og drøymer om å bli like god som pappa. For å bli det må ho hoppe i ein stor skibakke, men ho er både redd for at ho ikkje tør å sette utfor i tillegg til at ho er redd for å slå seg.
5. Kunstløp
Avsnitt 5 - Kunstløp, Säsong 4
Johan likar å danse på skøyter, og han syns det er ekstra kjekt når storesystera Mathilde er med. No skal han vere med i ei skøyteframsyning, men han er spent på om han klarar å stå på skøytene utan å falle.
6. Symjing
Avsnitt 6 - Symjing, Säsong 4
Tiril likar å bade, men syns det er dumt at ho er den einaste av vennane som brukar armringar. No vil ho byrja på symjeskule for å lære seg å symje, men er redd for at ho ikkje vil klare å flyte. Den store draumen er å klare å symje utan armringar.
7. Strikke
Avsnitt 7 - Strikke, Säsong 4
Felix likar både å spele fotball og å strikke, og tek ofte med seg strikketøyet på fotballtrening. No vil han overraske kompisane på fotballaget med å strikke luer til dei. Bestemor skal hjelpe, men vil gutane like luene og vil han bli ferdig i tide?
8. Dåpen
Avsnitt 8 - Dåpen, Säsong 4
Tiril har akkurat blitt storesøster til Mathea. No skal Mathea døypast, og Tiril har fått mange viktige oppgåver. Ho skal både seie navnet høgt i kyrkja, ta av hua og lese ein vanskeleg tekst. Men vil ho klare å huske alt ho skal gjere?
9. Segling
Avsnitt 9 - Segling, Säsong 4
Eirik er glad i å segle i lag med familien, og vil segle med storebroren Kristian. Men Kristian er betre til å segle enn han, og kan segle åleine ut på fjorden med sin egen seilbåt. No har Eirik også lyst til å segle heilt ålene.
10. Sove i telt åleine
Avsnitt 10 - Sove i telt åleine, Säsong 4
Jakob Mathias har lenge hatt lyst til å sove i telt heilt åleine, og no skal han endeleg få prøve det. Han vil plukke sopp på vegen og fiske slik at han kan lage sin eigen mat på turen. Men vil han få fisk, og vil han finne sopp?
Hittade du något som inte stämmer?
Ge din feedback