1. Å lære seg å surfe
Avsnitt 1 - Å lære seg å surfe, Säsong 7
Norah ser ofte på dei som surfar på dei store bølgjene. Ho har også lyst til å lære seg å surfe, men tykkjer det ser vanskeleg ut og er redd for å bli kasta rundt under bølgjene. For å lære seg å halde balansen øver ho seg mykje på rullebrettet sitt.
2. Hjortejakt
Avsnitt 2 - Hjortejakt, Säsong 7
Tobias sin pappa går mykje på hjortejakt. Av og til får Tobias lov å vere med, men han har aldri sett når pappa skyt ein hjort. Aller helst vil Tobias vere med å jakte om natta, men då må han klare å vere heilt stille og passe på at han ikkje sovnar.
3. Å operere mandlane
Avsnitt 3 - Å operere mandlane, Säsong 7
Thea må alltid passe ekstra på når ho skal ete, så ho ikkje set maten fast i halsen. Mandlane i halsen er store, og gjer det vanskeleg å ete og puste. Thea skal operere vekk mandlane, men gruar seg til operasjonen for ho er redd det vil gjere vondt.
4. Dinosaurutstilling
Avsnitt 4 - Dinosaurutstilling, Säsong 7
Samuel kan mykje om dinosaurar, og har mange dinosaurfigurar. No vil han lage ei utstilling med alle dinosaurane sine. Barnehagen kjem for å sjå på, og Samuel gruar seg til å prate høgt framfor alle, men han håpar at dei likar utstillinga hans.
5. Kvalpefødsel
Avsnitt 5 - Kvalpefødsel, Säsong 7
Betty har ein hund som skal få kvalpar, og Betty skal få vere med på kvalpefødsel for aller første gong! Ho er spent på korleis det skal gå, og kor mange kvalpar som kjem. Betty gler seg til å leike med kvalpane, men gruar seg til dei må flytte.
6. Ønskjer seg trommesett
Avsnitt 6 - Ønskjer seg trommesett, Säsong 7
Henning likar å lage lyd, og skulle ønskje han hadde sitt eige trommesett. Men det kostar pengar, så Henning må spare. Han hjelper både mamma, pappa og naboane for å tene pengar, og håpar han får nok slik at han kan kjøpe seg trommer.
7. Å sykle i skogen
Avsnitt 7 - Å sykle i skogen, Säsong 7
Paola syklar mykje, men mest i gata der ho bur. Det artigaste er å sykle fort i nedoverbakke. No vil Paola prøve å sykle i skogen på bratt sti, men det ser vanskeleg ut. Røtene på stien kan vere glatte, og Paola er redd ho skal ramle.
8. Tur til Galdhøpiggen
Avsnitt 8 - Tur til Galdhøpiggen, Säsong 7
Magnus går ofte på fjelltur, og likar seg i naturen. No vil han gå opp på den høgste fjelltoppen i Norge, Galdhøpiggen. Aller mest gler han seg til å sjå på utsikta. Men det er langt opp, og Magnus må krysse ein bre for å komme seg til toppen.
9. Å spele kyrkjeorgel
Avsnitt 9 - Å spele kyrkjeorgel, Säsong 7
Rithusha er flink til å spele piano, så pianolæraren spør om ho vil spele kyrkjeorgelet framfor mange mennesker. Rithusha øver og øver fram mot den store konserten i kyrkja, og håpar ho klarar å spele alt rett.
Hittade du något som inte stämmer?
Ge din feedback