1. Avsnitt 1
Avsnitt 1, Säsong 6
Even har lyst å hoppe frå 5-meteren, men han har ikkje turt enno. Han øver seg på å tåle både høgde og fart i klatreveggen og i ein klatrepark. Til slutt reiser han tilbake til bassenget for å sjå om han endeleg vågar å hoppe utfor.
2. Avsnitt 2
Avsnitt 2, Säsong 6
Noah skriv songar heilt sjølv og han likar å framføre dei for publikum. No har han bestemt seg for å skrive ein song om vennskap til klassen sin, og gje dei ein CD kvar. Han er veldig spent på om klassen vil like songen og om han hugsar teksten når han skal framføre den.
3. Avsnitt 3
Avsnitt 3, Säsong 6
Aleksandra øver masse i lag med drillgruppa si, for ho skal vere med på eit stort drillstevne. Der må ho hugse mange trinn, og alltid vite kor ho skal stå, men det viktigaste er at ho må smile heile tida. Vil ho klare å hugse det?
4. Avsnitt 4
Avsnitt 4, Säsong 6
Jonah er ofte i lag med pappa på jobb på akvariet, og han elskar å hjelpe til med å mate krypdyra og fiskane. No er det fødd mange små krokodillebabyar, så Jonah vil bygge eit nytt bur til dei, slik at dei kan vekse seg store der.
5. Avsnitt 5
Avsnitt 5, Säsong 6
Nesten alle i familien til Ruth driv med ein idrett som heiter skifeltskyting. Ruth vil og prøve, men då må ho øve kjempemykje. Ho må klare to ting samtidig: Å gå fort på ski og treffe blink med gevær. Det er veldig vanskeleg.
6. Avsnitt 6
Avsnitt 6, Säsong 6
Erian har ein bestefar som eig mange store lastebåtar, og no håpar Erian at han skal få lov til å styre ein av båtane. Men tenk visst han krasjar? Då kjem bestefar til å bli sur!
7. Avsnitt 7
Avsnitt 7, Säsong 6
Ariell liker å leike ute, og aller helst likar ho å ake og stå på ski. Men Ariell er lam, og klarar ikkje å gå, difor brukar ho piggkjelke når ho skal på ski. Ho har lenge drøymt om å vere med på eit skirenn og endeleg har ho bestemt seg for å prøve!
8. Avsnitt 8
Avsnitt 8, Säsong 6
Karoline ser på når eit føll blir fødd heime på garden, som ho skal trene opp og vere med på hennes første hesteutstilling. Den rampete folen får namnet Leik, og den vil berre tulle og tøyse. Korleis skal ho få han til å stå i ro framfor dommarane?
9. Avsnitt 9
Avsnitt 9, Säsong 6
Heime i stova har Lea sitt eige dukketeater, og ho likar å ha framføringar for familien. No skal Lea vere med i eit ekte barneteater for første gong. Ho har aldri hatt replikkar før, og gruar seg til å seie dei høgt framfor publikum.
10. Avsnitt 10
Avsnitt 10, Säsong 6
Sissel elskar cowboyleikar, og i friminuttet pleier ho og vennane å leike cowboyar. No vil ho lage ein cowboyfest i hagen for heile skulen, og alle må ha på seg cowboyklede. Det er mykje å gjere før gjestane kjem.
11. Avsnitt 11
Avsnitt 11, Säsong 6
Sol er med på orientering, som er å springe ute i naturen og leita etter postar som er gøymde. Pappa er alltid med for å hjelpe ho å finne den rette vegen på kartet. Sol vil lære å bruke kartet sjølv slik at ho kan gå åleine, men det er skummelt.
12. Avsnitt 12
Avsnitt 12, Säsong 6
Vennene til Simon Elias kan å sykle, og når dei andre syklar på to-hjulsykkel, syklar han på sparkesykkel. Det synes Simon Elias er dumt, og han vil prøve å lære seg å sykle, sjølv om han er redd for å tryne og slå seg.
Hittade du något som inte stämmer?
Ge din feedback