Upphovsland: Norge
1. Brudepike
Avsnitt 1 - Brudepike, Säsong 3
Emily skal være brudepike når mamma gifter seg. Hun skal passe på gifteringene, og bære dem inn i kirken, men tenk om hun mister dem? Da blir kanskje ikke mamma gift likevel?
2. Å begynne i første klasse
Avsnitt 2 - Å begynne i første klasse, Säsong 3
Gjertrud er ikkje lenger barnehagejente. Ho skal begynne i første klasse og lure veldig på korleis det kjem til å gå, for ho kjenner nesten ingen der.
3. Å få ny hund
Avsnitt 3 - Å få ny hund, Säsong 3
Amandus er både lei seg og glad. Hunden hans er død og har reist til hundehimmelen, så no skal familien få ein ny hund og Amandus lurer på om det går an å bli like glad i den nye hunden.
4. Å kjøyre motorsykkel
Avsnitt 4 - Å kjøyre motorsykkel, Säsong 3
Hedda er ei prinsessejente og likar å leike med dokker, men ho likar også motorsyklar. Vanlegvis sit ho i sidevogna på motorsykkelen til mamma, men no skal ho endeleg få prøve å køyre motorsykkel på bane for aller første gong.
5. Å bli storesøster
Avsnitt 5 - Å bli storesøster, Säsong 3
Suzanne skal bli storesøster for første gang. Ho har alltid hatt mamma heilt for seg sjølv, og er redd for korleis det blir å dele mamma med ein baby.
6. Den store skiheisen
Avsnitt 6 - Den store skiheisen, Säsong 3
Leah likar å stå på snøbrett, og aller best likar ho å køyre saman med storebroren William. Han er nokre år eldre enn ho, og tar den store skiheisen som går heilt til toppen av fjellet.
7. Taekwondotesten
Avsnitt 7 - Taekwondotesten, Säsong 3
Elise er den einaste av vennene som held på med ein sport som heiter taekwondo, men det gjer ikke Elise noko at ho er den einaste. Ho øver og øver, for snart skal ho ta ein viktig test. Tenk om ho gløymer det ho har øvd på!
8. Å sy ein kjole
Avsnitt 8 - Å sy ein kjole, Säsong 3
Nora likar å lage ting, og no har ho lyst til å sy ein kjole til 8-årsdagen sin. Ho tykkjer det er vanskelig å velge rett stoff, og er veldig spent på om gjestane som kjem i selskapet synes kjolen er fin.
9. Å lære norsk
Avsnitt 9 - Å lære norsk, Säsong 3
Sabrin har flytta til Noreg frå eit land i Afrika som heiter Somalia. Sabrin må lære norsk for å forstå kva alle andre seier. Av og til lurer Sabrin på om ho nokon gong kjem til å klare å snakke norsk, for orda er så annleis enn dei ho kan frå før.
10. Å få nye venner
Avsnitt 10 - Å få nye venner, Säsong 3
Øystein skal flytte til ein annan plass i landet. Han gruer seg, for han likar seg så godt der han bur no. Kva om han ikkje får nye vener på den nye plassen?
11. Overnatte i fjøsen
Avsnitt 11 - Overnatte i fjøsen, Säsong 3
Kristin skal gjere noko ho aldri har gjort før: Ho skal overnatte i fjøsen i lag med sauene og bestefar. Der skal ho hjelpe til når det kjem nye lam, som kan skje midt på natta.
12. Ta bussen over fjellet åleine
Avsnitt 12 - Ta bussen over fjellet åleine, Säsong 3
Era er veldig glad i bestefaren sin, som ho kallar Besten. Ho har ikkje sett han på lenge, og gler seg til å besøke han på hytta. Men for å kome dit, må ho ta buss over fjellet heilt åleine. Det synest Era er veldig spennande, og litt skummelt.
Hittade du något som inte stämmer?
Ge din feedback