Upphovsland: Norge
1. Teaterstykket
Avsnitt 1 - Teaterstykket, Säsong 2
Lukas likar ikkje å stå i ro, han likar best å springe rundt å sjå på alt det rare han finn. Men i eit teaterstykke han skal vere med i, skal Lukas vere ein gut frå gamledagar, som som skal synge og stå fint i ro. Skal tru korleis det går?
2. Avsnitt 2
Avsnitt 2, Säsong 2
Malin har blitt storesøster til ein liten bror, og det er fint, men det skjedde samtidig som ho skal synge på sin siste sommarfest i barnehagen. Mamma kan ikkje komme fordi ho er på sjukehuset med babyen, så no er Malin både glad og lei seg samtidig.
3. Leon vil bli skippar
Avsnitt 3 - Leon vil bli skippar, Säsong 2
Leon vil bli skippar når han blir stor. Då skal han vere sjef ombord i ein båt som heiter Øyglimt. Han øvar seg så ofte han kan, og det beste som finst er å vere med morfar på jobb.
4. Hundekonkurransen
Avsnitt 4 - Hundekonkurransen, Säsong 2
Ada har sin eigen hund. Det er mykje å passe på, og det verste ho veit er når ho må plukke opp hundebæsj. Snart skal Ada på ein hundekonkurranse med hunden sin for første gong og Ada er redd for alt det gale hunden kan finne på.
5. Overnattingstur i skogen
Avsnitt 5 - Overnattingstur i skogen, Säsong 2
Sivert skal vere med pappa på overnattingstur ute i skogen. Sivert gruar seg, for han er litt mørkredd og trur kanskje det blir veldig kaldt. Og tenk om huldrer finst?
6. Rideoppvisning
Avsnitt 6 - Rideoppvisning, Säsong 2
Mina likar kjempegodt å ri, men for ei stund sidan vart ho kasta av hesten og fekk veldig vondt. No er ho redd for å hoppe med hesten, men likevel har ho bestemt seg for å delta på rideoppvisning.
7. Gokart konkurransen
Avsnitt 7 - Gokart konkurransen, Säsong 2
Emma elskar bilar, og no har ho fått sin eigen vesle bil som vert kalla gokart. Ho øver masse på gokartbanen og snart skal ho delta i sin første konkurranse.
8. Å fange kreps
Avsnitt 8 - Å fange kreps, Säsong 2
Aurora og Besten er bestevenner og skal på fisketur for å fange kreps. Aurora er redd for at krepsen skal bite henne i tommelen, for det har skjedd før. Heldigvis passar Besten på og Aurora er spent på om dei får kreps.
9. Klatreveggen
Avsnitt 9 - Klatreveggen, Säsong 2
Hanna elskar å klatre, men mamma og pappa er ikkje så veldig glad i klatring, så Hanna får ikkje klatre så ofte som ho vil. No vil ho prøve å klatre til toppen av Norges brattaste klatrevegg.
10. Å sove borte
Avsnitt 10 - Å sove borte, Säsong 2
Tine er veldig spent før ho skal overnatte hos ei venninne for første gong. Det ho er mest nervøs for, er om ho kjem til å vakne midt på natta og har lyst heim att til mamma.
11. Å slukke brann
Avsnitt 11 - Å slukke brann, Säsong 2
Patrick har veldig lyst til å bli brannmann når han blir stor, for det er både pappa og farfar. Han er med pappa på øvelse så ofte som han får lov, for å øve seg på å slukke brann. Håpet er å ein dag kunne redde folk fra brann på ekte.
Hittade du något som inte stämmer?
Ge din feedback