Upphovsland: Norge
1. Hos tannlegen
Avsnitt 1 - Hos tannlegen, Säsong 5
Tannlegen har bestemt at Nora må trekke to melketenner for å få plass til dei nye tennene. Nora gruar seg veldig, for ho har aldri trekt tenner hos tannlegen før. Tenk om det er vondt, eller om det skjer noko?
2. Besøke ein ven
Avsnitt 2 - Besøke ein ven, Säsong 5
Matheo har lyst til å besøke ein ven heilt åleine, slik som dei andre vennene hans klarar. Men Matheo synes det er litt skummelt å klare seg i trafikken åleine, og lurer på om han vil hugse vegen til huset der bestevennen bur.
3. Ri på fjelltur
Avsnitt 3 - Ri på fjelltur, Säsong 5
Guro elskar hestar, og har lenge drøymt om å ri på fjelltur i lag med mamma. For å få lov til det må ho klare å styre hesten utan hjelp frå andre.
4. På sjukehuset
Avsnitt 4 - På sjukehuset, Säsong 5
Rakel har vore veldig, veldig sjuk - og det siste året har Rakel vore på sjukehus nesten heile tida, for å få vekk kreftklumpane frå kroppen. Snart skal Rakel på sjukehuset igjen, for å finne ut om ho har blitt frisk.
5. Fridykking
Avsnitt 5 - Fridykking, Säsong 5
Frei bur rett ved ei elv, og han elskar å bade og hoppe i vatnet. No vil han at onkel Even skal lære han å dykke. Då må han halde pusten kjempelenge. Dersom han klarar det, kan han svømme blant fisk og krabber nede på havbotnen.
6. Vaksinesprøyta
Avsnitt 6 - Vaksinesprøyta, Säsong 5
Teodor skal ta sprøyte på skulen i lag med heile klassa, og han gruar seg og veit ikkje om han tør. Storesøster Linea har tatt sprøyte før, og seier det går heilt fint. Teodor synes sprøytespissen er skummel og er redd for at det skal gjere vondt.
7. Høyreapparatet
Avsnitt 7 - Høyreapparatet, Säsong 5
Anna Elise høyrer dårleg på det eine øyret, og no skal ho få høyreapparat. Ho kjenner berre bestemor som brukar høyreapparat, og ho er gammal. Anna Elise gruar seg til å komme på skulen med høyreapparatet på seg.
8. Lage rakfisk
Avsnitt 8 - Lage rakfisk, Säsong 5
Selma skal lage fiskemiddag til familien i lag med morfar, og ho vil både fiske og lage til maten sjølv, men ho er spent på om ho får nok fisk og om gjestane vil like middagen. Ho skal nemleg lage noko som heiter rakfisk, og det smakar ganske sterkt.
9. Avsnitt 9
Avsnitt 9, Säsong 5
Marta er god i hundekøyring, men ikkje så god som storebror Jan. I den neste hundekøyringskonkurransen vil ho prøve alt ho kan for å komme først i mål. Før konkurransen må Marta øve med hundane så ofte ho kan. Tenk om ho klarar å slå storebror!
10. Avsnitt 10
Avsnitt 10, Säsong 5
Lina går på Rytmisk Sportsgymnastikk, som er en blanding av turn og dans. No skal ho opptre framfor mange menneske for fyrste gong. Ho skal klare både å gå i spagaten og slå hjul. Lina er veldig spent på om ho vil greie å hugse alle trinna.
11. Avsnitt 11
Avsnitt 11, Säsong 5
Eyvin vil lage sin eigen film, men har aldri gjort det før. Han trur det kjem til å ta eit heilt år å bli ferdig, og at det blir vanskeleg. Ideen hans er å lage film om katten sin, som ikkje har venner.
12. Overnatte i snøhule
Avsnitt 12 - Overnatte i snøhule, Säsong 5
Malou skal på ekspedisjon i lag med mamma og veslesøster, Dina. Dei skal gå langt på ski og overnatte i snøhole på fjellet. Malou har aldri sove i snøhole før, og er redd den skal rase saman mens ho søv.
13. Avsnitt 13
Avsnitt 13, Säsong 5
Johanna elskar fart, og har lenge drøymt om å fly. No skal ho snart få vere med på tur i onkel Norvald sitt fly. Ho er spent på korleis dei skal klare å komme seg opp i lufta, og om ho vil tørre å styre flyet.
14. Avsnitt 14
Avsnitt 14, Säsong 5
Om vinteren står Sverre masse på ski, men no har han lyst til å stå på ski på sommaren også. Han vil prøve å stå på vannski etter ein båt som køyrer veldig fort. Sverre lurer på om han klarar å reise seg opp i vannet og stå på fyrste forsøk.
15. Avsnitt 15
Avsnitt 15, Säsong 5
Bjørn Peter har aldri vært på en isbre før, men nå skal han og pappa på isbretur. Bjørn Peter gruer seg litt - mest av alt er han redd han skal falle ned i en dyp sprekk.
16. Avsnitt 16
Avsnitt 16, Säsong 5
Matilde skal snart slutte i barnehagen, og begynne på skulen. Som ei avslutning skal førskulegruppa overnatte i barnehagen. Matilde har aldri sove borte frå mamma og pappa før, og er spent på om ho klarar å sovne.
Hittade du något som inte stämmer?
Ge din feedback