Upphovsland: Norge
1. Avsnitt 1
Avsnitt 1, Säsong 8
Nico er veldig flink til å turne. Han lærer nye triks heile tida og snart skal han vise dei fram i konkurranse. Aller helst vil han klare dei utan å gjere feil.
2. Avsnitt 2
Avsnitt 2, Säsong 8
Mina har gleda seg lenge til si første handballturnering. Men ho har brote armen, og får ikkje vere med på treningane. Ho håpar armen blir fort bra slik at ho får spelt sin første handballkamp.
3. Avsnitt 3
Avsnitt 3, Säsong 8
Eva-Lovise skal besøke mormor og må fly heilt åleine for første gong. Ho likar ikkje at flyet ristar og er spent på korleis det blir å reise utan mamma.
5. Avsnitt 5
Avsnitt 5, Säsong 8
Birgitte bur på gard med masse sauer. I år er ho stor nok til å vere med å hente sauene ned frå fjellet etter sommaren. Det er langt å gå, men Birgitte håpar ho klarar å finne alle dei fine lamma igjen.
6. Avsnitt 6
Avsnitt 6, Säsong 8
Madeleine vil lære seg å stå på rulleskøyter, men det er mykje vanskelegare enn ho hadde trudd. Ho øver og øver for ho vil klare å stå ned rampa i skateparken utan å ramle.
7. Avsnitt 7
Avsnitt 7, Säsong 8
Gaute er spent fordi han skal vise fram ein kalv på kalvemønstring. Han må øve masse og håpar at kalven ikkje finn på noko tull når han skal leie den framfor publikum.
8. Avsnitt 8
Avsnitt 8, Säsong 8
Olianna vil gjerne bade saman med vennane sine. Men ho tør ikkje å symje der ho ikkje når botnen. Ho vil klare å hoppe uti og symje på djupet, utan å vere redd for å drukne.
Hittade du något som inte stämmer?
Ge din feedback